[Image] [Image] [Image] [Image] Steinen som blømer [The Poem] [Home] Steinen blømer steinen som ikkje kan bløme kor han blømer, den steinen Blomane er fulle av fargar farga som skyene, når månen skin på dei farga som augene dine, min kjære og varm farga som gledelege tankar full av fargar som bølgjene langt ut mot havet Kor steinen blømer steinen som ikkje kan bløme... Han duftar av vinden som fører bort gråten han duftar av det som ikkje treng forklarast av blod rista kastanjar trengsel i gatene han duftar av fritet i syn og i kjensler og trolske fargerike sommarfuglar Det er slik steinen blømer steinen som ikkje kan bløme Eg kjem attende eg skal kome attende, min kjære, med ein av blomane Translated from English to Norwegian. Author: Liv Arnhild Vaaland Sex: Female Age: 24 Profession: Student City: 0166 Oslo Country: Norway --------------------------------------------